Tilbake til alle arrangementer

Omsorg


  • Hå Gamle Prestegård 347 Håvegen Nærbø, Rogaland, 4365 Norway (kart)

UTSTILLING: OMSORG / CAREFUL

lørdag 10. juni 2023 kl. 14.00

10. juni - 3. september 2023 

Omsorg / Careful 
Gruppeutstilling - glas i samtidskunsten 

 

I 2023 er det 40 år sidan Hå gamle prestegard opna dørene som kunst- og kulturinstitusjon.

I jubileumsutstillinga OMSORG samlar vi hovudelementa som Hå gamle prestegard sitt program byggjer på; biletkunsten, kunsthandverket og kulturhistoria.

Til saman presenterer vi 16 kunstnarar som på ulikt vis arbeider med glas. Somme er profesjonelle glasblåsarar med eigne glasblåsarhytter, somme jobbar med glaset i ulike produksjonar og somme jobbar med ein konseptuell idé og får andre til å produsere objekta. Utstillinga kan sjåast på som ein pendant til utstillinga “Forsiktig glass!” frå 1998 som òg hadde glaset som overordna tema.

Det første glaset skal ha blitt laga som glasperler i Mesopotamia kring 2500 før vår tidsrekning (fvt). Oppfinninga av glasblåsing i det indre av Middelhavet i tida kring Kristi fødsel opna opp for eit større spekter av uttrykk. Allereie i løpet av dei første hundreåra kjente glasmakarane i Romerriket alle teknikkane vi kjenner i dag, utanom dei reint maskinelle.

Dei første funna av glas frå Jæren er frå gravene frå folkevandringstida. Her er det funne perler frå området kring Svartehavet. Frå vikingtid har det vore glasperleframstilling på handelsplassar og politiske senter òg i Noreg.

Felles for alle typar glas er at det er laga av sand, soda og kalk ved 1250 grader. I tillegg er det eit fellestrekk av glaset treng omsorg i produksjon og bruk. Det trengs å passast på. Kva er mogleg å få til med glas som utgangspunkt? Kva er glas? Korleis kan vi nytte glas? Utstillinga presenterer noko av breidda som finst i glaskunsten i dag, med ei glasperle frå vikingtida som representant for den lange tradisjonen for glasproduksjon.

Utstillinga syner korleis dei ulike kunstnarane frå ulike tradisjonar utnyttar potensialet som ligg i glaset som material. 

Med:
Siri Borge, Beate Einen, Maria Almås Frantzsen og Ruth Hol Mjanger, Tuva Gonsholt, Kari Håkonsen, Pål Roland Janssen, Karen Klim, Vidar Koksvik, Anne Guro Larsmon, Solveig Lønseth, Linda Morell, Gunnel Sahlin, Patrícia Šichmanová, Ida Siebke, Sandra Vaka, Kiyoshi Yamamoto.

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd og Norske kunsthåndtverkere 

Forrige
Forrige
3. juni

BLÅST GLASS 2023

Neste
Neste
8. juli

Generation Why